Revolusjonsarkitekten

Fra artikkel av Eystein Røssum i Bergens Tidende 26 februar 2011

Professor Gene Sharp (83) studerte den norske lærarmotstanden under krigen. I Egypt og Tunisia vart metodane hans systematisk brukt for å bli kvitt despotane.

For folk flest er Gene Sharp eit ukjent namn. For opposisjonelle i militærdiktatur og totalitære statar er den smålåtne amerikanske statsvitaren ei superstjerne. Nå blir 83-åringen trekt fram som den ideologiske arkitekten bak opprøret som tok til i Tunisia og Egypt, og som nå feiar over Midtausten.

– Dersom arbeidet mitt hadde ein effekt i Egypt, er eg svært glad for det. Det gler meg særleg at demonstrantane greidde å vere så disiplinerte. Valdsbruk vart stort sett møtt med ikkjevald. Det var imponerande. Og det fungerte, seier Sharp på telefonen frå heimen sin i Boston, USA.

Egyptiske bloggarar seier Sharps revolusjonshandbok var eit avgjerande verktøy i motstanden mot Mubarak. Det same blir sagt i Tunisia.

Var tenkt for Burma

Heftet bloggarane snakkar om er ikkje tjukt, berre 93 sider. Då statsvitaren, Harvard-forskaren og professoren Gene Sharp gav det ut i Bangkok i 1993, ante han ikkje at det skulle spreie seg over heile verda. Han visste ikkje at folk ville hamne i fengsel berre for å ha det i veska – eller at folk i så forskjellige land Serbia, Ukraina, Tunisia og Egypt skulle bruke det til å kvitte seg med menn som styrte dei med hard hand.

– Det var eigentleg ei samling artiklar eg skreiv for ei burmesisk opposisjonsavis, som så vart samla i eit hefte. Ideen var å hjelpe folket i Burma mot det svært brutale militærdiktaturet. At det skulle bli brukt til noko meir, var ikkje i mine tankar, seier Sharp på telefonen frå heimen sin i Boston.

Tittelen var «Frå diktatur til demokrati». Heftet er bygd opp som ei handbok, og listar blant anna opp 198 metodar for ikkjevaldeleg motstand. Råda bygde på Sharps studiar av revolusjonar og oppstandar over heile verda og til alle tider. Boka er i dag omsett til 34 språk. Sharp sjølv har ikkje vore i kontakt med egyptarane. Men nokre veker før det braut laus i Kairo, fekk han høyre at opposisjonelle grupper der studerte verka hans.

Der kunne dei lese om strategiar for å undergrave eit regime, med alt frå liksom-gravferder og bruk av farger og graffiti til okkupasjon av offentlege plassar, organisering av demonstrasjonar, streikar og gå sakte-aksjonar.

Må bli kvitt frykta

Ungdomsrørsla Otpor, som leia motstanden mot president Slobodan Milosevic i Serbia og som til slutt fekk han plassert i ei fengselscelle i Haag, omtaler Sharps handbok som «Otpor-bibelen». Tidlegare ikkjevalds-verk av akademikaren vart distribuert og brukt i Litauen, Latvia og Estland då dei reiv seg laus frå Sovjetunionen. I Venezuela har Sharp vorte skjelt ut på statleg fjernsyn, skulda for å drive undergravande verksemd. I rettssaker mot opposisjonelle i Iran skal regimet ha trekt fram Sharps revolusjonshandbok, og hevda at minst 100 av dei 198 råda hans var tatt i bruk for å undergrave prestestyret. Forska på Noreg Noko av grunnlaget for arbeidet sitt la han i Noreg på 60-talet. Han vart invitert til Oslo av fi losofen Arne Næss, og ved Universitetet forska han på dei norske læraranes motstand mot NS-regimet under krigen. Mange vart arrestert og deportert, men NS greidde å aldri å nazifi sere norsk skule.

– Det var eit strålande på eksempel på korleis ikkjevaldeleg kamp kan fungere, sjølv under dei hardaste regime, seier Sharp, som budde i Noreg i fi re år til saman. Gene Sharp meiner særleg ein faktor er avgjerande om ein fredeleg oppstand skal vinne fram:

– Det er viktig å vere organisert, tenkje strategisk og ha ein superplan. Du må vite kva du skal gjere, og når du skal gjere det. Berre dei som kjenner dei lokale forholda kan fi nne dei svake punkta til regimet og vite kva som vil fungere, seier Sharp.

– Viser at Bush tok feil Sharp legg ikkje skjul på at han gler seg stort over dei fredelege regimeskifta i Egypt og Tunisia. Ein gong for alle meiner han det er vist at fredeleg motstand kan fungere over alt – og at det kostar langt færre liv enn valdelege revolusjonar.

– Ingen kan heretter seie at vi må invadere eit land for å frigjere folket der, slik Bush gjorde i Irak. Argumentet om at arabarane ikkje sjølve greier dette, eller at muslimane ikkje greier det, er borte. Egyptarane førebudde seg godt, og dei greidde det. Det kan dei vere stolte av, seier Gene Sharp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *